Asplan Viak gjennomfører Norgeshistoriens største godsundersøking på Vestlandet

30. April 2018
Foto: Asplan Viak

Foto: Asplan Viak

I løpet av april er all godstransport på heile Vestlandet blitt registrert i det som truleg er Norgeshistorias største godsundersøking. Målet er å kartlegge alt gods som blir frakta inn og ut av Vestlandet.

- Dette er veldig spennande, seier prosjektleiar Bjarte Børtveit i Statens vegvesen.

Han har ansvaret for prosjektet der 230 personar var i sving for å stoppe og intervjue sjåførane på alle tunge køyretøy. Det blei utført ved 21 punkt langs Vestlandet i dei to døgna undersøkinga varte. Asplan Viak og underkonsulent IRIS organiserer undersøkinga, og skal gjennomføre fleire analyser i etterkant.

- Vi stoppar tungtrafikken og intervjuar sjåførane. Dette gjer vi på alle fjellovergangane mellom aust og vest, på alle ferjene langs E39, på Fjordline og ein del andre ferjer, og på Statens vegvesen sine kontrollstasjonar.

I tillegg vil det bli henta inn statistikk og gjort intervju på dei store godsterminalane og i hamnene lang kysten frå Rogaland til Møre og Romsdal. Målet er at så godt som all godstransport i dei fire Vestlandsfylka skal kartleggast. 

Godsundersøkinga skal gi meir kunnskap i arbeidet med å nå måla i Nasjonal transportplan om ein meir effektiv og miljøvenleg godstransport. I tillegg er det eit mål å få meir  gods over frå veg til sjø- og banetransport. 

- Poenget er å få ein oversikt over kvar transporten kjem frå, kvar den skal, og kva gods som blir frakta, og kor mykje det er, seier Børtveit.

Vegvesenet gjorde ei liknande undersøking, men i mindre omfang, i 2012.

- Når rapportane frå årets undersøking blir ferdige i november kan vi samanlikne og sjå om det har vore endringar i godstransporten dei siste åra.

Børtveit håpar å sjå utviklingstrekk og kanskje identifisera rammevilkår, tiltak og endringar som har bidrege til endringar i godsstraumar.

- Etterpå kan vi komme med forslag til tiltak og kva vi meiner overføringspotensialet frå veg til sjø og bane er, seier prosjektleiar Bjarte Børtveit i Statens vegvesen.

Statens vegvesen er oppdragsgjevar for undersøkinga saman med fylkeskommunane i Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, medan Asplan Viak og underkonsulent IRIS har fått oppdraget med å lage ein hovudrapport samt delrapportar til dei enkelte fylka i etterkant. Øyvind Sundfjord er oppdragsleiar i Asplan Viak.