Høringer/kunngjøringer

Varsel om oppstart av detaljregulering for Haugsvik camping

18. Januar 2019

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslast det med dette oppstart av detaljreguleringsplan for Haugsvik camping gnr./bnr. 329/1. Forslagsstillar er Asbjørn Lunde. I samråd med Voss kommune er planforslaget vurdert til ikkje å vere konsekvensutreiingspliktig.

 

Føremålet med planarbeidet

Asbjørn Lunde planlegg å etablere campingplass for campingvogner med spikertelt for langtidsutleige. Hensikta med dette er å etablere inntektsgrunnlag/ tilleggsnæring til gardsdrifta. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for om lag 50 oppstillingsplassar for vogn med spikertelt. I tillegg kjem det sanitærbygg og leikeareal/ fellesareal ute. Som del av tiltaket vil det verta planlagt felles tilkomstveg med Hagatun camping frå Brandsetkrysset slik at dagens avkøyrsel til Hagatun kan stengjast.

 

Området avsett til camping er ca. 28 daa, i tillegg kjem det tilkomstveg til området frå Brandsetvegen. Totalt utgjer planområdet ca. 38 daa inkludert førebels areal for anleggsperioden.

 

Gjeldande planstatus

Området er i kommuneplanens arealdel 2015 - 2026 regulert til «Fritids- og turistføremål/ Campingplass». Relevante føresegner i KPA er 3.1.4 «Føresegner for campingplassar og oppstillingsplassar for campingvogner». Der stilles blant anna krav til avstand mot nabogrenser, veg og vassdrag. 6.9 «Retningsliner for campingplassar og oppstillingsplassar for campingvogner» gir anbefaling til frisone mot elvar og vatn, og god innpassing i landskapet. Planområdet er i dag uregulert.

 

Statens vegvesen er i gang med utarbeiding av kommunedelplan for E16 Slæn – Tvinno. Det er difor tett dialog med Statens vegvesen for å avklare eventuelle konfliktar tidleg.

 

 

Planavgrensing

Planområdet fylgjer eigedomsgrensa til Gnr 329, Bnr 1, og grenser mot Hagatun camping mot aust. Planområdet strekkjer seg ned til Giljarshuselvi i sør, og i nord er planområdet avgrensa mot dagens E16. Plangrense/ arm i vestle del av planområdet er satt av til vegtilkomst, og kobler seg på i Brandsetkrysset. Plangrense/ arm i austleg retning er vegtilkomst vidare til Hagatun, og er tenkt å avløyse dagens avkøyrsel til Hagatun.

 

Grunneigarar, naboar, offentlege og private høyringsinstansar vert tilskrivne og varsla om planoppstart direkte. Merknadar til planoppstart i form av synspunkt, opplysingar eller innspel som kan ha verknad på planarbeidet bør komme fram så tidleg som mogleg.

 

 

Frist for å komma med merknadar og innspel til planarbeidet er 28.2.2019.

 

Merknader og uttaler til planarbeidet kan sendast til: Asplan Viak AS, Pb. 2304 Solheimsviken, 5824 Bergen. Att: Morten Lexau på e-post: morten.lexau@asplanviak.no.

 

Spørsmål til planarbeidet rettast til Asplan Viak AS v/ Morten Lexau, tlf.: 481 99 559 eller på e-post: morten.lexau@asplanviak.no. Alle skriftlege merknadar og innspel som mottas vert lagt ved når planføreslaget oversendast kommunen for sakshandsaming og vedtak om offentleg ettersyn. Det vert og høve til å komme med merknader til sjølve planforslaget når dette vert lagt ut på høyring.

 

Dokumenta vil og vere tilgjengelege på Voss kommune sine heimesider, og i servicetorget på Voss Tinghus.