Høringer/kunngjøringer

Varsel om oppstart av områderegulering for Vikane ved Hjeltefjorden

24. Januar 2019

I medhald av plan- og bygningslova § 12-2 og § 12-8 blir det med dette varsla oppstart av Områderegulering for Vikane ved Hjeltefjorden,  gbnr. 38/6 m. fl. Øygarden kommune.

 

Planområdet

Planområdet ligg mellom Medarseta og Storevarden på austsida av fv. 561. Arealet er ca. 464,2 dekar. Forslagsstillar er Øygarden kommune, med Asplan Viak AS som utførande plankonsulent.

 

Føremål med planarbeidet

Føremålet med planen er å legge til rette for nye, sentrumsnære bustader på Rong, innanfor felt B13 i kommunedelplan for Rongøy, med opptil 350 nye bustadeiningar. Planarbeidet skal ha særleg fokus på landskapsverknader, dei allmenne interessene i strandsona og gode løysingar for mjuke trafikantar. Nytt kryss sør for Arseta skal innlemmast i denne områdereguleringa.

Planen medfører etter kommunen si vurdering ikkje krav om konsekvensutgreiing.Det er allereie gjort ei konsekvensutgreiing for felt B13 i samband med kommunedelplanen for Rongøy.

 

Kontaktinformasjon

Merknader eller opplysningar som bør leggjast til grunn for planarbeidet kan sendast til: Asplan Viak AS,  Pb. 2304 Solheimsviken, 5824 Bergen. Att: Katrine Bjørset Falch eller på e-post: kunngjoring_bergen@asplanviak.no. Spørsmål til planarbeidet kan rettast til Asplan Viak AS v/ Katrine Bjørset Falch, tlf. 976 99 741 / katrineb.falch@asplanviak.no.

Frist for merknader er sett til 15.3.19.