Godskartlegginga vart gjennomført ved 21 kontrollstasjonar/ ferjestrekningar langsetter Vestlandet. Plasseringa av intervjupunkt er avgjerande for inndeling i regionar.
Godskartlegginga vart gjennomført ved 21 kontrollstasjonar/ ferjestrekningar langsetter Vestlandet. Plasseringa av intervjupunkt er avgjerande for inndeling i regionar.

01

Til saman blei 13.000 intervju gjennomført i løpet av 48 timar under tidenes største kartlegging av godstransport. Foto: Asplan Viak
Til saman blei 13.000 intervju gjennomført i løpet av 48 timar under tidenes største kartlegging av godstransport. Foto: Asplan Viak

02

Registrert godstransport i 48 timar – antall tonn, summert for alle retningar på kvar veglenke.
Registrert godstransport i 48 timar – antall tonn, summert for alle retningar på kvar veglenke.

03

Det innsamla materialet kan brukast for å analysere transportoppdraga som i dag går parallelt med jernbanen til/frå terminalane på Vestlandet: Ganddal-Oslo, Bergen-Oslo og Åndalsnes-Oslo.
Det innsamla materialet kan brukast for å analysere transportoppdraga som i dag går parallelt med jernbanen til/frå terminalane på Vestlandet: Ganddal-Oslo, Bergen-Oslo og Åndalsnes-Oslo.

04

Korridorene for gods til/fra Vestlandet. Antall tonn i hver korridor (til+fra) er påskrevet.
Korridorene for gods til/fra Vestlandet. Antall tonn i hver korridor (til+fra) er påskrevet.

05

Godsundersøking for Vestlandet

Prosjektkategori

Analyse, godstransport

Lokasjon

Vestlandet

Tidsrom

2018

Om prosjektet

Asplan Viak har i samarbeid med NORCE gjennomført ei godsundersøking for heile Vestlandet.

Oppdraget er gjennomført på oppdrag for Statens vegvesen, Møre og Romsdal fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Rogaland fylkeskommune.

Føremålet med arbeidet har vore å gje eit betre kunnskapsgrunnlag for arbeidet med å legge til rette for ein meir effektiv og miljøvenleg godstransport. Her er det nasjonale målet om overføring av gods frå veg til sjø og bane sentralt. Datagrunnlaget er derfor brukt både for å seie noko om korleis utviklinga innanfor ulike transportformer har vore sidan førre godskartlegging ble gjennomført i 2012, og vurdere kva godsstraumar som i dag går på veg som potensielt kunne gått på sjø eller bane. Det er og drøfta kva som er viktige drivarar for transportmiddelval, og korleis ulike tiltak og utvikling i marknaden kan påverke fordelinga mellom vegtransport og bane- og sjøtransport.

Datainnsamlinga som er gjennomført som del av prosjektet gjer eit omfattande materiale for å analysere dagens vegtransport. Totalt ble det i løpet av 48 timar i april 2018 gjennomført 13.000 vegkantintervju ved 21 intervjupunkt på Vestlandet. For å analysere vegtransporten i samanheng med andre transportformer er data frå vegkantintervjua kopla mot offisiell statistikk, og det er innhenta datamateriale frå offentlege hamner i dei fire fylka på Vestlandet. Til slutt er det gjennomført 25 djupneintervju med sentrale aktørar på Vestlandet.

Det er utarbeida ein rapport for godstransporten på Vestlandet samla, samt meir detaljerte analyser for Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, i tre fylkesvise rapporter. Blant hovudfunna viser kartlegginga at volum av godstransport på Vestlandet har auka frå 2012 til 2017. I same periode har andelen godstransport på veg auka, medan sjøtransporten har ein lågare del av totalt godsvolum i dag samanlikna med 2012. I rapportane er det drøfta moglegheiter for auke godstransport til og frå Vestlandet på sjø og/eller bane.