Skip to content

Varsel om oppstart av detaljregulering for Raffelneset næringspark

Varsel om oppstart av detaljregulering for Raffelneset næringspark kunngjerast etter planog bygningsloven §12-8. Asplan Viak er plankonsulent for planforslaget, Hareid kommune er forslagsstillar.

I samband med oppstart av planarbeidet inviterer Hareid kommune til eit ope folkemøte den 14.11.2024, kl. 18.00, i kommunestyresalen på Hareid rådhus. Det blir informasjon om planprosessen, og det blir anledning å komme med spørsmål og innspel til planarbeidet.

Formålet med reguleringsplanen er å oppdatere planen for næringsområdet på Raffelneset, og samtidig legge til rette for etablering av reinseanlegg som skal oppfylle kravet om sekundærreinsing. Det skal også bli regulert djupvasskai og samanhengande gang- og sykkelveg til sentrum. Djupvasskaia skal til dømes kunne bli brukt av cruiseskip, fiskebåtar eller i samband med verksemd på næringsområdet.

Planområdet

Planområdet ligg på Raffelneset, omtrent ein kilometer aust for Hareid sentrum. Reinseanlegget er planlagt plassert innanfor eigedom gbnr. 41/1104 og 41/1287. Det er tatt med eit større areal i sjø for plassering av djupvasskai, samt areal langs fylkesveg for etablering av gang- og sykkelveg. Plangrensa er satt med hensikt å få god samanheng mellom gjeldande planer og planforslaget. Det er derfor valt å ha ei romsleg plangrense til varsel om oppstart.

Forhold til overordna plan og gjeldande planer

Området er i kommuneplanen sett av til næringsverksemd, og er regulert til næring og industri i gjeldande reguleringsplaner.

Behov for konsekvensutgreiing

Tiltaket kjem inn under §6, Planer og tiltak som alltid skal konsekvensutgreiast og ha planprogram, i høve med vedlegg I punkt 8 b; Nyetableringar av farleier, hamner og hamneanlegg, der skip på over 1350 tonn kan segle og anløpe.

Hensikt med varselet og medverknad

Hensikta med å varsle at et planarbeid settast i gang er å avdekke om planen kan komme i konflikt med viktige omsyn i området. Naboar og aktuelle parter gis moglegheit å komme med innspel til planprosessen på et tidleg tidspunkt. Forslagsstillar vil da lettare kunne ta omsyn til innspela, enten det gjeld kva som skal utgreiast, viktige interesser som må tas hand om, eller avbøtande tiltak som bør vurderast. Etter at plandokumenta er utarbeida og politisk behandla i kommunen, vil planforslaget sendast ut på høyring med ny anledning til å gi innspel. Etter høyringsperioden vil planforslaget reviderast før det kan bli vedtatt av kommunestyret.

Kontaktinfo og frist for innspel

Innspel til varsel om oppstart av detaljregulering og planprogram må bli sendt innan 08.12.2024 på e-post til anna.hellstrom@asplanviak.no eller i brev til Asplan Viak AS, Lerstadvegen 545, 6018 Ålesund. For andre spørsmål eller meir informasjon kan det tas kontakt på tlf. 476 72 792.

Saksnummer

24/1582

Kontakt

Anna Hellstrøm

Analyse, plan og landskap