Varsel om oppstart av detaljregulering for Kvalneset masseuttak og deponi
Varsel om oppstart av planarbeid kunngjerast etter plan- og bygningsloven §12-8. Planen skal utarbeidast som en detaljregulering. Asplan Viak er plankonsulent for planforslaget, Franzefoss Gjenvinning AS og Ulstein Betongindustri AS er forslagsstillar.
I samband med oppstart av planarbeidet inviterast det til eit ope folkemøte den 14.01.2025, kl. 18.00, på Sunnmøre Folkehøgskule i Varleitevegen 7. Det blir informasjon om planprosessen, og det blir anledning å komme med spørsmål og innspel til planarbeidet. Formålet med reguleringsplanen er å legge til rette for ordinært deponi. Masseuttaket på Kvalneset har vore i bruk sidan 1965. Det er no ønskje om å også bruke området for ordinært deponi av reine og ureine massar. I tillegg er det ønskje om mellombels lagring og behandling av massar. Da gjeldande reguleringsplan ikkje legg til rette for dette er det behov for ny reguleringsplan.
Planområdet
Planområdet ligg på Kvalneset, ca. 6 kilometer sør for Ulsteinvik. Masseuttaket ligg innanfor eigedom gbnr. 20/2, 20/69, 20/71 og 20/73. Foreslått plangrense til varsel om oppstart er vist i kartet under. Avgrensinga tar med heile den gjeldande reguleringsplanen for masseuttaket, samt areal langs tilkomstvegen til krysset ved fylkesveg 61. Det er tatt med ekstra areal langs eigedomsgrenser som er usikre.
Forhold til overordna plan og gjeldande planer
Området er i kommuneplanen sett av til næringsverksemd, og størsteparten av området er markert med detaljeringssone for at reguleringsplan skal fortsett gjelde. Gjeldande reguleringsplan har arealformål steinbrot og masseuttak.
Behov for konsekvensutgreiing
Tiltaket er vurdert å utløyse krav om konsekvensutgreiing etter forskrift om
konsekvensutgreiing sitt vedlegg II, planer etter plan- og bygningsloven og tiltak etter annet lovverk som skal vurderast nærare, jf. punkt nr 11 k Deponi for masse på land og i sjø større enn 50 dekar eller 50 000 m3 masse.
Det er ikkje krav om å utarbeide planprogram, men det er valt å sende med eit forslag til planprogram likevel for å få innspel til utgreiingsbehovet. Sjå vedlagte planprogram.
Hensikt med varselet og medverknad
Hensikta med å varsle at et planarbeid blir sett i gang er å avdekke om planen kan komme i konflikt med viktige omsyn i området. Naboar og aktuelle parter gis moglegheit å komme med innspel til planprosessen på et tidleg tidspunkt. Forslagsstillar vil da lettare kunne ta omsyn til innspela, enten det gjeld kva som skal utgreiast, viktige interesser som må tas hand om, eller avbøtande tiltak som bør vurderast. Etter at plandokumenta er utarbeida og politisk behandla i kommunen, vil planforslaget bli sendt ut på høyring med ny anledning til å gi innspel. Etter høyringsperioden vil planforslaget bli revidert om det er behov, før det kan bli vedtatt av kommunestyret.
Kontaktinfo og frist for innspel
Innspel til varsel om oppstart av detaljregulering sendes innan 09.02.2025 til Asplan Viak v/ Anna Hellstrøm, på e-post til anna.hellstrom@asplanviak.no eller i brev til Asplan Viak AS, Lerstadvegen 545, 6018 Ålesund. For andre spørsmål eller meir informasjon kan det tas kontakt på tlf. 476 72 792.